3 viktige ingrediensar for heimesida di

 
Ingredienser hjemmeside.jpg
 

Oppskrift på ei god heimeside, sa du? Her ser me i alle fall på 3 viktige ingrediensar:

Bilder

Bilder er det som mest effektivt fangar merksemda til den som besøker sida di. Bildene kan faktisk avgjera om han eller ho blir nysgjerrig og klikkar seg vidare. Du har berre nokre sekund på deg til å vekka tillit hos den som besøker sida di. Gode bilde bidrar til at det skjer! Bildene på nettsida di kan også understreka det visuelle preget til bedrifta di på ein veldig fin måte.

Tekst/innhald

«Gode bilde talar for seg sjølv» blir det sagt. Det kan hende, men eg meiner at god tekst og gode bilde som spelar på lag i mange samanhengar gir den sterkaste formidlinga. Sterk tekst på ei nettside er tydeleg, relevant og informativ, utan å bli formell og akademisk. Bruk eit enkelt språk - tenk deg at du forklarar det heile til ein venn. Vit kven som er i målgruppa di, og ha eit klart bilde av kven du skriv for.

Struktur

På ei god heimeside er det lett å finna fram. Den er ryddig, med tydelege og logiske strukturar. Sjå nøye på kva for informasjon som høyrer saman og tenk over kva ønsker du at den som besøker sida di skal gjera? Gjer vegen til handling så kort og enkel som mulig!

Tenk på nettsider du likar å besøke. Kva gjer at du stoppar der, blir der og får lyst å besøka den igjen?

Kunne du tenke deg ei ny (eller fornya) heimeside til bedrifta di? Ta kontakt når som helst dersom du ønsker ein prat om kva me saman kan få til!

Barbro Høyland Andersen