Derfor er ein raud tråd så viktig!

R%C3%B8d+tr%C3%A5d+2.jpg

Visste du at uttrykket «den raude tråden» stammar frå den engelske marinen? I si tid fletta dei ein tynn, raud tråd inn i alt tauverket sitt. Den raude tråden var umogleg å få ut utan at heile tauet gjekk i oppløysing. På den måten vart det klårt for alle kven som eigde tauet. Dei hadde sett sitt preg på det - med ein raud tråd! Sidan har uttrykket blitt brukt om det å skapa ein gjennomgåande heilskap i noko.

Å finna ein heilskap, eller ein raud tråd i den visuelle formidlinga av bedrifta di er utruleg viktig! Å ha ein raud tråd i det visuelle preget bidrar nemleg til at at bedrifta di blir sett, gjenkjent og huska! Og det kan vera avgjerande for at dei rette assosiasjonane og kjenslene blir vekka i målgruppa, slik at du appellerer til salg!

Å finna den raude tråden handlar i denne samanhengen om gjera nokre viktige val og bruka dei aktivt i alt frå fargebruk til grafiske element, typografi og foto slik at det blir klart for alle at det er bedrifta di som står bak. Det handlar om å vekka gjenkjenning i alle kanalar, både på heimesida di, i sosiale medier og i trykksaker.

Kva er din «raude tråd»? Ta gjerne kontakt om du ønsker hjelp til åa finna den og visualisera den!

Barbro Høyland Andersen