Når er tida moden?

Når er tida moden for å fornya bildene som støttar det visuelle uttrykket for di bedrift, som fortel dei gode historiane om bedrifta di og som får folk til å bli glad i merkevara di?

 
Eplekasse.jpg
 

Det kan vera når som helst - for gode bilde og visuelle historiar for bedrifta di får du ikkje så fort nok av. Likevel - her er nokre anledingar der det kan vera strategisk lurt å investera i bilde:

Når du kjenner at bilda du har ikkje engasjerer deg…

… eller at dei ikkje heilt stemmer med det inntrykket du ønsker å gi. I vår visuelle tid, har bilder mykje å sei for inntrykket ein får av ei bedrift. Ein serie med profesjonelle bilde kan du bruka i alle kanalar for effektivt å visa kven du er og kva du står for. Dei er ikkje oppbrukte om du har vist dei éin plass eller brukt dei éin gong. Nei, tvert om kan det at du bruker dei aktivt over tid bidra at dei stryker merkevara di, og at bedrifta di blir gjenkjent og huska.

 
Plukker+2.jpg
 

Når du skal ha ny nettside eller vil fornya nettsida di

Ingenting er så viktig på ei nettside som bilde! Bilde fangar merksemda til den som besøkjer sida og kan vera ein avgjerande faktor for om han eller ho blir nysgjerrig og klikkar seg vidare. Dessutan kan bilda på nettsida di bidra til å understreka det visuelle preget til bedrifta di på ein veldig fin måte. For meg er det også alltid eit mål å ta bilde som som fortel noko, som det ligg ei lita historie i. Slike bilder engasjerer nemleg, og vekkjer følelsar hos folk. Du har kanskje berre nokre sekund på deg til å vekka tilliten til den som besøkjer sida di. Gode bilde bidrar til at den tilliten blir vekka!

 
Eplekake og te 2.jpg
 

Når du er heilt ny i marknaden

Då treng folk å bli kjent med deg og bedrifta di. Ingenting er meir effektivt til det enn gode bilde. Gode bilde er bilde som viser fram deg og bedrifta di på varierte måtar og som fortel små historiar og kven du er og kva du står for. Gode bilde gir får folk til å få lyst å bli meir kjent med bedrifta di, dei vekker tillit og gjer folk nysgjerrige!

 
Baker kake 2.jpg
 

Når du går i ei ny retning med bedrifta di

Kanskje det går så det susar, slik at du vågar å satse i ei ny retning? Eller kanskje det har butta imot ei stund og at det er derfor du no prøver ein litt ny veg? Uansett årsak, kjem det gjerne til eit punkt der du vil fornya det visuelle uttrykket for bedrifta. Då kan nye bilde vera med på å understreka dette og få folk til å sjå at her skjer det noko nytt og spennande!

Skulle du ønske du hadde eit bildebibliotek av gode bilde til bedrifta di?

Kjenner du deg igjen i nokre av punkta ovanfor, eller har du rett og slett berre veldig lyst på gode bilde til akkurat di bedrift? Det er grunn god nok! Ta kontakt med meg, så kan me sjå nærare på kva du treng. Eg hjelper deg gjerne!

 
Eplekasse+n%C3%A6r.jpg
 
Barbro Høyland Andersen