Foto

Derfor treng bedrifta di unike foto

Kan ein ikkje berre hente bilder frå  bildebankar på nett? Sjølvsagt kan du det. Det vil likevel aldri måla seg med krafta i bilde som er unike og som formidlar historia og verdiane til di eiga bedrift.

Har du gode, unike bilder,  kan det vera blikkfanget som gjer at kunden får auge på bedrifta di i mengda, og at han eller ho stansar opp og faktisk gjer seg kjend med deg og det du har å tilby.

Gode bilde formidlar desssutan eit budskap på ein svært effektiv måte og bidrar sterkt til å skapa ein visuell identitet. Derfor er unike foto noko av det mest verdifulle du kan investera i for bedrifta di.

 
Blomst bok og hyssing.jpg
 

Kva slags bilde får du?

Når eg lagar bildeseriar for ei bedrift er eg oppteken av å

  • fortelja i bilete kva bedrifta gjer

  • få fram kva for varer eller tenester bedrifta tilbyr

  • spegla dei viktigaste verdiane til bedrifta

  • danna ein heilskap med tanke på lys og fargar

  • bidra til ein visuell identitet som kundane kan kjenna igjen

 
Blom og hyssing.jpg
 

Fotografering og redigering

Bileta kan takast på mange måtar. Eg startar gjerne i bedrifta sine lokale og tek bilde av dei tilsette, miljøet og ulike arbeidsoppgaver. Men det kan også vera aktuelt at eg arrangerer/styler bilder ute eller i studio. Tilsaman vil du få ein serie på 15-20 redigerte bilder som du kan bruka i alle kanalar. 

Bestill i dag!

Med ei fotopakke frå meg får du eit uvurderleg verktøy til bruk i all vidare profilering. Ta kontakt for eit tilbod til deg og di bedrift.

 
 
 
Barbro+og+kamera.jpg