Seks steg

til eit heilskapleg preg


Mitt beste tilbod til deg og bedrifta di er pakka som eg kallar “Seks steg til eit heilskapleg preg”. Med denne pakka skaper eg eit visuelt preg for bedrifta di gjennom ein spennande og inspirerande prosess i seks steg. Til slutt står du igjen med eit sterkt og samanhengande visuelt uttrykk som profilerer bedrifta di på ein solid og truverdig måte, både på trykk, på nett og i sosiale medier.

 
Kontorpult.jpg
 

Gjennom denne spennande og inspirerande prosessen får du eit heilskapleg visuelt preg for bedrifta di. Her handlar det om at me skal finna eit preg for di bedrift som

  • bygger tillit til bedrifta sine kundar og målgruppe

  • bidrar til at bedrifta vert sett og lagt merke til av fleire i målgruppa

  • sørger for eit heilskapleg og konsekvent visuelt uttrykk i alle kanalar

  • gjer at du kjenner eigarskap og stolhet når bedrifta di skal profilerast

 
Tastatur+hvite+blomster+2.jpg
 

Dei seks stega:

  1. Inspirasjonssamtale

  2. Unike foto (fotografering)

  3. Logodesign

  4. Visuell profil

  5. Webdesign (ny heimeside)

  6. Printdesign (trykksaker)

Dette er i utgangspunktet dei seks stega i prosessen. Det er ikkje sikkert alle stega er like nødvendige for deg. Kanskje du til dømes har ein forholdsvis ny og velfungerande logo, men likevel ønsker ei meir heilskapleg marknadsføring? Ta kontakt, så skreddersyr eg pakka for deg og dine behov!

Vil du vita meir om dei seks stega? Les vidare!

 

1. Inspirasjonssamtale

Inspirasjonssamtalen er starten på den spennande prosessen med å finna di bedrift sitt preg og uttrykka det visuelt. Her møtest me til samtale om bedrifta di.

 
Idemyldring.jpg
 

Å bli kjent med bedrifta

Det er viktig for meg å få eit godt innblikk i kva bedrifta di gjer og kva verdiar som ligg til grunn for verksemda. Korleis ønsker bedrifta å framstå og bli oppfatta? Kven er bedrifta sine kjernekundar? Kven er i bedrifta si målgruppe? Korleis er den visuelle profilen per i dag? Vidare ser me på ulike typar visuelle uttrykk som kan passa og snakkar litt om aktuelle fargar.

 
Pantone på blokk.jpg
 

Inspirasjonstavle

I etterkant av samtalen samlar eg det me har kome fram til i ei inspirasjonstavle. Inspirasjonstavla framstiller eit visuelt uttrykk me vil styra mot vidare i prosessen. Den kan vera sett saman av bilde, fargar og fontar som viser noko av det me saman ser for oss.

 

2. Unike foto

 
Blomst bok og hyssing.jpg
 

Derfor treng bedrifta di unike foto

Kan ein ikkje berre hente bilde frå bildebankar på nett? Sjølvsagt kan du det. Det vil likevel aldri måla seg med krafta i eigne bilde som formidlar historia og verdiane til di eiga bedrift.

Har du gode, unike bilde, kan det vera blikkfanget som gjer at kunden får auge på bedrifta di i mengda, og at han eller ho stansar opp og faktisk gjer seg kjend med deg og det du har å tilby.

Gode bilde formidlar desssutan ein bodskap på ein svært effektiv måte og bidrar sterkt til å skapa ein visuell identitet. Derfor er unike foto noko av det mest verdifulle du kan investera i for bedrifta di.

 
Hyssing og saks hvit.jpg
 

Kva slags bilde får du?

Ut frå inspirasjonstavla og det eg har lært om bedrifta lagar eg no ein bildeserie som til dømes

  • fortel kva bedrifta gjer

  • får fram kva for varer eller tenester bedrifta tilbyr

  • speglar dei viktigaste verdiane til bedrifta

  • dannar ein heilskap med tanke på lys og fargar

  • bidrar til ein visuell identitet som kundane kan kjenna igjen

 
Blogg hender.jpg
 
 

3. Logokonsept

 
Banner med Preg logo.png
 

Logoen din er viktig. Den er eit grunnelement som må vera sterk når du skal bygga merkevara di. No har eg blitt godt kjent med bedrifta di, og ut frå dette designar eg ein logo.

I logopakka får du logovariantar og ulike element som kan brukast fleksibelt og til saman utgjer eit logokonsept.

 

4. Visuell profil

Å ha ein tydeleg definert visuell profil med heilskap og sterk identitet gir truverd i ein stor marknad, og det gjer at bedrifta di blir lagt merke til av målgruppa.

 
Pantone og tastatur.jpg
 

Samanheng mellom dei ulike elementa

No har du alt nokre viktige element til den visuelle profilen: Du har unike foto og du har eit logokonsept. Vidare ser eg på samanhengen mellom logo, foto, fargar og fontar og eventuelle andre grafiske element. Her tar eg utgangspunkt i fargane me snakka om i inspirasjonssamtalen og eg ser på fargane i bilda. Det dannar grunnlaget for ein fargepalett.

Profilmanual

Eg samlar og organiserer samanhengen som skal vera mellom fargar, logo, foto, grafiske element og fontar i ein profilmanual (PDF). Profilmanualen blir eit oversiktleg og inspirerande styringsdokument for all vidare profilering.

 
Profilmanual.jpg
 
 

5. Heimeside

Profilmanualen er grunnlaget for arbeidet med heimesida. No har me elementa som trengst. Når eg designar heimesida di legg eg vekt på å binda saman fargar, fontar, tekstar, foto, logo og andre grafiske element til ein heilskap og å skapa logiske og tydelege strukturar.

 
Responsive design bred.jpg
 

Unike foto

Eg meiner at det aller viktigaste elementet på heimesida di er unike foto. Gode bilde på ei heimeside gir truverd, det skaper nysgjerrigheit, og det held på merksemda til den som besøkjer sida di slik. Eit godt bilde fortel dessutan meir effektivt enn tusen ord og vert lettare hugsa. Her får du mykje tilbake for fotograferinga me gjorde i steg 2:-)

Responsive sider i Squarespace

Alle heimesider eg leverer er responsive. Det vil sei at dei fungerer like godt på mobil som på større skjermar. Eg leverer alle sidene i Squarespace, noko som sikrar deg brukarvennlege sider som er enkle å halda vedlike. 

Tekstarbeid

Om du ønsker hjelp til tekstarbeidet på heimesida, kan me gjera ein avtale om det. Eg har kompetansen som trengst på tekst og skriftleg formidling. Eg har kunnskap om korleis ein skriv for ulike mottakarar, og eg produserer tekstar på nynorsk eller bokmål etter ditt ønske.

 
Tastatur lyst.jpg
 
 

6. Printdesign

Trykte produkt er framleis ein viktig måte å profilera bedrifta si på, sjølv i vår digitale tid. Til slutt i prosessen kan du sørga for heilskap i det visuelle uttrykket ved å bestille visittkort,  brevark, brosjyrer, rollups, bilfolie, skilt og anna du ønsker av trykte produkt hos meg.

 
Visittkort tosidig.jpg
 
 

Høyrest dette inspirerande ut? Ingenting vil gleda meg meir enn om eg får ta deg og bedrifta di med på denne reisa, som gjer at både du og kunden ser bedrifta med nye auge. Ta kontakt i dag, så snakkast me om det DU treng!

 
 
Sjokolade og bøker.jpg