Webdesign

Hos Preg Design får du moderne og brukarvennlige nettsider som viser fram bedrifta di på beste måte og får fram di bedrift sitt unike preg.

 
Imac og blyaner ekstra.jpg
 

Moderne og stilfullt design

Når eg designar ei nettside legg eg vekt på å setja meg grundig inn i ulike sider ved bedrifta di, slik at eg forstår kva som særmerker den og kva som er viktig for deg å formidla.

Ut frå dette finn me fram til ein fargepalett for prosjektet, og arbeidet med å binda saman fargar, foto, tekst og alle grafiske element til ein heilskap startar.

Eg leverer stilfullt og moderne design som speglar di bedrift på ein måte som vekkjer stolthet hos deg, og som skaper tillit i målgruppa.

 
Pantone på blokk.jpg
 

Gå for unike foto!

Det aller viktigaste elementet på heimesida di er unike foto.

Gode bilde på ei heimeside gir truverd, det skaper nysgjerrigheit, og det held på merksemda til den som besøkjer sida di. Eit godt bilde fortel dessutan meir effektivt enn tusen ord og vert lettare hugsa. Eg anbefaler derfor fotopakka mi til alle som bestiller heimeside hos meg.

“Kan eg ikkje berre hente bilder frå bildebankar på nett,” tenkjer du kanskje? Sjølvsagt kan du det. Det vil likevel aldri måla seg med krafta i bilde som er unike og som formidlar historia og verdiane til akkurat di bedrift.

Gode bilde apellerer til kjensler hos folk, noko som er utruleg effektivt for å vekka tillit, og til sjuande og sist: å selga!

La unike bilde bli ein del av det totale visuelle preget på heimesida di - det vil gi stor gevinst!

 
Blomst bok og hyssing.jpg
 

Brukarvennleg for deg!

Eg leverer alle nettsider i Squarespace, noko som sikrar deg brukarvennlege og driftssikre sider som er enkle å halda vedlike. Squarespace er eit rammeverk for oppsett av ei nettside, og blir på en måte «leiligheten nettsida bur i».

Månadsleiga hos Squarespace er 100-150kr/mnd, og då tek dei på seg alt ansvar for at nettsida er oppe og går 24/7 utan oppdateringsproblem eller utfordringar med hacking. Ei nettside i Squarespace er såleis ei svært enkel, trygg og god løysing!

Om ønskeleg kan sida leverast med ein eigen blogg-del, der du enkelt kan leggja ut nyhende, fagstoff og liknande. Opplæring til enkel drift av sida følger med når nettsida blir overlevert.

 
Blogg hender.jpg
 

Brukarvennleg for dei besøkjande

Heimesida di skal også vera brukarvennleg for dei som besøkjer den. På nettsider eg leverer er det lett å finna fram, og det er oversiktlege og logiske strukturar. Alt fungerer sjølvsagt optimalt både på mobil og på større skjermar.

 
Responsive design bred.jpg
 

Tekstarbeid

Om du ønsker hjelp til tekstarbeidet på heimesida, kan me gjera avtale om det. Eg har kompetansen som trengst rundt tekst og skriftleg formidling. Hos meg får du gjennomarbeidde tekstar, som rettar seg presist inn mot målgruppa. Eg kan dei effektive knepa som gjer at teksten på heimesida di formidlar med truverd og sel utan å virka seljande!

Eg leverer tekstar på nynorsk eller bokmål etter ditt ønske. 

 
Tastatur lyst.jpg
 

Velkommen til å ta kontakt!

Ta kontakt i dag for ein uforpliktande prat om di nye heimeside! Eg gler meg til å høyra frå deg!